Brann og feiing

Granvin og Ulvik kjøper no ( 2006 ) feie- og tilsynstenester hjå firmaet: Vestnorske feiertjenester v/ Rolf Helle.

Feiaren kan treffast på tlf.: 41 33 80 85 eller du kan nytta E-mail: vf.helle@hjemme.no
Av praktiske grunnar vil feiing og tilsyn i 2006 verta gjennomført etter justerte, samanhengjande ruter. Nærare informasjon vil ein leggja ut på denne sida.
I tillegg vil ein som før varsla om feiing / tilsyn eit par dagar i forkant.
Feiing / tilsyn skal gjennomførast etter behov men minimum ei gong kvart 4. år.
I praksis feier ein dei fleste skorsteinar kvart 2. år medan ein legg opp til tilsyn kvart 4. år.
Me vil her leggje inn vedtekter, retningslinjer prisar ol. for tilsyn og feiing i Ulvik og Granvin
Dersom det skal gjerast endringar på, eller ny installasjon av pipe og/eller eldstad må feiaren få melding om dette. Det er og eit krav at dette arbeidet skal kontrollerast av ein godkjent person, murmeister el.

Sist endra 15.04.2016