|
Hva skjer?
| | ma | ti | on | to | fr | lø | sø |
|---|
| 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | | 29 | 30 | 31 | 1 | 2 | 3 | 4 |
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
 Publisert 08.03.2010
I samband med logopediens dag vil eg gjerne koma med litt ”logopedisk informasjon”. Logopedar arbeider med ulike former for kommunikasjonsvanskar og ein deler gjerne inn i desse hovudfelta: Afasi (språkvanske etter t.d. hjerneslag), Taleflytvanskar (stamming, løpsk tale), Stemmevanskar og ulike former for språkvanskar, t.d. talevanskar, språkforståingsvanskar eller vanskar med skriftspråket.
 Publisert 05.03.2010
Unge og gamle hardinger var møtt mannsterkt for å protestere mot kraftlinjen i Hardanger.
Ungdomsrådet i Granvin samla kring 50 støttespelarar i fakkeltoget dei arrangerte i Bergen i går.
 Publisert 05.03.2010
Hardanger folkemuseum sundag 7. mars kl 18.30
Gå ikkje glipp av høvet til å høyre ein av våre fremste tonekunstnara på Hardanger Folkemuseum sundag 7 mars.
Med si lyriske nordlandske urkraft og sitt klangfulle uttrykk gjer Susanne Lundeng musikken sin tilgjengelig for eit stort publikum. Hennar harmoniske og energiske sceneopptreden får publikum til å skjerpe sansane.
 Publisert 04.03.2010
Pleie og omsorgstenesta i Granvin består av heimetenester og institusjon. Dei som arbeider her kan få oppgåver både på sjukeheimen og i heimetenesta, alt etter kvar ein har bruk for den enkelte sin kompetanse.
Dei som vert tilsett bør ha gyldig førarkort.
 Publisert 04.03.2010
"Å kunna sei at du bur i eit land som har noko av det vakraste landskapet i verda, burde vera eit privilegium. Det er ikkje utan grunn at prestisjetunge National Geographic har kåra dei vestnorske fjordane til verdas beste reisemål....."
Slik opnar brevet Granvin Ungdomsråd, v/leiar Synnøve Kvamme, har sendt statsministeren og olje- og energimenisteret.
Les heile brevet i vedlegget under.
 Publisert 26.02.2010
Dette løyvet er gitt av Fylkesmannen i Hordaland og gjeld frå og med 15. februar til 1. desember i år. NINA v/Bengt Finstad har engasjert firmaet Nofima v/Rune Nilsen til å gjennomføre fisket, som er eit ledd i lakselusundersøkingar i Hardangerfjorden. Dei vil i korte periodar sette flytegarn i Granvinsfjorden, Etnefjorden og i området utanfor Rosendal. Løyvet gjeld og fiske i fredningssonane.
 Publisert 24.02.2010
Det vart i møte i Granvin formannskap 2.2.10 vedtatt å starte opp arbeidet med rullering av kommunedelplan for anlegg og område for idrett og fysisk aktivitet, jf plan- og bygningslova § 11-4. Planen får status som kommunedelplan og skal utarbeidast i samsvar med rettleiar frå Kultur- og kyrkjedepartementet frå februar 2007.
 Publisert 24.02.2010
I samband med ny rv 13 trase til Voss har Statens vegvesen varsla behov for areal til lagring av overskotsmassar. I kommuneplanen sin arealdel er eit ca 15 daa stort areal avsett til dette føremålet. Det vart meldt oppstart av arbeidet med ein detaljreguleringsplan i Granvin formannskap 25.08.09, sak 44/09, og oppstartsmeldinga lå ute fram til 8.10.09. Granvin herad står som tiltakshavar og Cowi er leigd inn til å gjennomføre reguleringsarbeidet inkludert forslag til tekniske løysingar på reinsing av avrenning av finpartiklar frå anlegget.
 Publisert 24.02.2010
Seint på kvelden mandag 22.februar vart ein bukk utstyrt med GPS-halsband ved Nesbøen i Øvre Granvin. Dette var i samband med prosjektet "Hordahjort", som er eit merke- og utviklingsprosjekt på hjort som går i Hordaland og Sogn. Bukken, ein 7-takkar på 105 kilo, kan etter kvart følgast på nettsida www.hordahjort.no . Der kan du og få meir informasjon om prosjektet."
 Publisert 04.02.2010
Lensmannskontoret i Ulvik er ope kvar TYSDAG i tida 0900 - 1400.
Kontoret kan og vera ope andre kvardagar, etter avtale eller om tenesteomsyn tilseier dette.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Granvin herad
|
|
Kongstun
|
|
Postboks 13
|
|
5733
Granvin
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56 52 40 00
|
|
Faks
|
:
|
56 52 40 01
|
|
Mobil
|
:
|
40 40 38 70
|
|
Org.nr.
|
:
|
844162502
|
|
Kontonr.
|
:
|
65010567305
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1234
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
0900-1500
|
|
Ordførar Jan Ivar Rødland
Bilete frå Granvin
Vinter Skår
Fotograf: SHP
Dagens fakta
 |
|
|
Granvin har i dag omlag 12% sysselsette innan landbruk, dei fleste på deltid.
|
|
|
-
|
|
|