|
Hva skjer?
| | ma | ti | on | to | fr | lø | sø |
|---|
| 30 | 31 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | | 27 | 28 | 29 | 30 | 1 | 2 | 3 | | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
Turistinformasjon Granvin herad
Granvin er ein av dei 7 Hardangerkommunane, der fjord, fjell og vakker natur er felles kjenneteikn. Vår og sommar er fruktbløming, fiske og fjordsigling, hytte- og stølsliv.
Haust og vinter set du farten litt ned - tek heller turen på fjellet, til fots eller på ski. Skitrekk, ljosløyper og utforbakkar finn du både i Granvin og nabokommunane.
Granvin er lett å koma til med båt eller bil. Granvinsfjorden går heilt inn til sentrum, til det gamle trafikk-knutepunktet Eide. Du kan lett velja mellom fleire reiseruter. E-16 går mellom Oslo og Bergen via Lærdal og Voss, riksveg 13 mellom Voss og Granvin. Riksveg 7 går frå Oslo til Granvin over Hardangervidda, og vidare til Bergen langs Hardangerfjorden. Det tek 30 min. til Voss og ca. 2 timar til Bergen eller til Flesland flyplass med bil. Det går og buss til Bergen og Voss.
Granvin er ein god og trygg stad å vera, både for eldre og yngre.
Miljø, kultur og trivsel står i sentrum. Dei gamle byggeskikkane vert tekne vel vare på. Det spirer og gror i song- og musikklivet. Hardingfela er symbolet i heradsvåpenet! Mange driv med husflid og handverk. Det er lett å gjera seg kjend i Granvin. Innbyggjartalet er 1050 og flatevidda er 212 km2.
Bygda har tradisjonelt vore tufta på skog- og jordbruk som næringsveg. Dette er og grunnlaget for seinare års industriutvikling.
Turisme har frå gamalt av vore viktig næringsveg i Granvin.
Håpar de får eit triveleg opphald i bygda vår!
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Granvin herad
|
|
Kongstun
|
|
Postboks 13
|
|
5733
Granvin
|
 |
|
Telefon
|
:
|
56 52 40 00
|
|
Faks
|
:
|
56 52 40 01
|
|
Mobil
|
:
|
40 40 38 70
|
|
Org.nr.
|
:
|
844162502
|
|
Kontonr.
|
:
|
65010567305
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1234
|
|
|
|
Åpningstid
|
:
|
0900-1500
|
|
Ordførar Jan Ivar Rødland
Bilete frå Granvin
Vår på Kjerland
Fotograf: M.B.
Dagens fakta
 |
|
|
Det var engelske Cistercienser-munkar som byrja med epledyrking i Hardanger. Allerede på 1100-1200-talet blomstra epletrea på garden Opedal i Ullensvang, som låg under Lysekloster i Bjørgvin. Lokale bønder førte tradisjonen vidare.
Munkane forsvann med reformasjonen, og med dei forsvann også podekunsten.
I andre halvdel av 1700-talet blei det fart på epledyrkinga att. Tre blei kjøpt frå Tyskland, Danmark og Nederland.
I 1930-åra kom det verkelege oppsvinget for epledyrkinga i Hardanger.
|
|
|
-
|
|
|