Bilete frå Granvin

Fjellbjørk
Fjellbjørk

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Følgjekort for funksjonshemma

folgekort_6830.jpg - Klikk for stort bilete

No kan funksjonshemma søkje om følgjekort hjå Granvin herad.

Mot at den funksjonshemma sjølv løyser billett, får ho/han ta med seg følgje gratis der ein godkjenner følgjekort.  

Følgjekort for funksjonshemma

Følgjekort skal gje funksjonshemma med trong for hjelp same høve som andre til å delta i aktivitetar i samfunnet.

Følgjeperson til den funksjonshemma slepp å betale avgift/billettar på visse kulturarrangement og på reiser saman med den funksjonshemma.  Følgjekortet er ei stadfesting av trongen for slik hjelp, og gjev tilgjenge til nærmare definerte aktivitetar/transportmiddel.

Hovudregel for tenesta:
Ordninga skal gje auka tilgjenge til offentlege kultur- og fritidsarrangement, og til offentlege transportmiddel. Følgjekortet skal fungere som eit verkemiddel til å førebyggje isolasjon og dermed medverke til å gje auka livskvalitet.
Følgjekort skal ikkje kome i staden for andre ordningar som for eksempel støttekontakt og avlasting.
Ordninga skal berre gjelde for menneske som grunna funksjonshemming ikkje kan delta i samfunnet utan å ha med seg følgje.

Psykisk- og fysisk funksjonshemma som treng følgje, kan søkje.
Ordninga omfattar personar som har ei funksjonshemming som vil vare minst 2-3 år (jf Folketrygdlova). I kvart enkelt tilfelle blir det vurdert om funksjonshemminga er varig nok til at kravet er oppfylt. Svekka helsetilstand grunna høg alder kvalifiserer ikkje automatisk for følgjekort. Nedre aldersgrense for søkjarar er 8 år. Ei heilskapleg vurdering kan ein gjere unntak frå kravet til alder i særskilde høve. Vurderinga tar då utgangspunkt i kva søkjaren kunne ha delteke i på eiga hand dersom vedkommande ikkje hadde vore funksjonshemma.

Bruksområde:
Følgjekortet gjeld  tilgjenge til dei aktivitetar, bygningar og  transportmiddel m.v. som aksepterer ordninga. Det offentlege fastsette symbolet er sett opp på stader som aksepterer ordninga. Ordninga er landsdekkjande og kan brukast over kommune- og fylkesgrensene.
På reiser der funksjonshemma løyser ordinær billett, får ho/han ta med seg følgje gratis der ein godkjenner følgjekort. Det vert understreka at "ordinær" billett er den til kvar tid gjeldande pris for ein person.  Følgjekortet skal kun nyttast til fritidsreiser - ikkje reiser som blir dekka gjennom trygdeordningar. Ordninga gjeld reiser innafor fylket, og med båt til/frå Bergen.

Den funksjonshemma vel sjølv kven ho/han vil bruke som følgje frå gong til gong. Tilrådd aldersgrense for følgje er 16 år.
Eit følgjekortet er gjeld for ein tidsbolk på inntil 4 år om gongen. Om behovet framleis er tilstades etter 4 år må søkjar fremje ny søknad.

Vilkår:
Nedre aldersgrense er i utgangspunktet 8 år. Søkjar må vere folkeregistrert i Granvin  Herad. Tilrådd aldersgrense for følgje er 16 år.

Saksgang:
Søknadsskjema og nærare informasjon om ordninga kan du få ved å ta kontakt med sosialtenesta. Her kan du også få hjelp til utfylling av skjema. 

Har du spørsmål om utfylling av søknaden, ta kontakt med Granvin herad på tlf. 56524000 eller på e-post: postmottak@granvin.kommune.no

Sist endra 14.03.2014
   

Kontaktinformasjon

Magnhild Grønningsæter
Hardangervegen 2562 Pb 13
5733 Granvin
E-post : magnhild.gronningsater@granvin..
Telefon
: 41471006

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS