Bilete frå Granvin

Granvinsvatnet frå Kyrkjesvingen
Granvinsvatnet frå Kyrkjesvingen

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Framlegg til mindre endring av reguleringsplan for Stasjonsområdet i Granvin Planid 2012002

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vert mindre endring av detaljreguleringsplan for Stasjonsområdet, jf føresegner, datert 29.04.16 sendt til uttale hjå berørte eigarar og myndigheter.
Merknader og innspel må sendast Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no innan 16.05.16. Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat – planavd.

Føremålet med endringa er å fjerne kravet i planen om vassbåren varme for nye bygg, slik planen krev per i dag. Dette vert grunngjeve med eit framlegg om å avslutte vidare planlegging og utbygging av fjernvarmenett, basert på eit forprosjekt av Hordaland Bioenergi og dialog med Moelven Granvin Bruk AS.

Saksutgreiing og endra plandokuement er også tilgjengeleg på tenestetorget.

 

Publisert av Ebbe D. Meinild. Sist endra 29.04.2016

 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL TILRÅDING/VEDTAK:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 godkjenner Granvin formannskap mindre endring av detaljreguleringsplan Sentrumsplan Stasjonsområdet, PlanID 12342012002, plandokument dagsett 16.12.2014, for områda B05-B08.

I møte i Granvin heradsstyre 18.06.14 vart det gjort følgjande vedtak;

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Granvin heradsstyre detaljreguleringsplan Sentrumsplan Stasjonsområdet, PlanID 12342012002, plandokument dagsett 24.03.2014, med følgjande tilleggspunkt:

  • På områda B05-08 vert det mellombels forbod mot tiltak fram til endring av byggjehøgder og andre tilhøve som bør endrast som konsekvens av dette. Endringssaka tek utgangspunkt i formannskapet si tilråding frå 09.04.14. 
Kommunevåpen

 

I samsvar med vedtak i Granvin formannskap i sak nr. 056/13 - 17.12.2013, og i medhald av plan- og bygningslova § 12-10, vert detaljreguleringsplan Sentrumsplan Stasjonsområdet, jf kart, føresegner, planomtale og ROS-analyse og andre plandokument lagt ut til offentleg ettersyn i 6 uker i perioden 20.12.13-07.02.14.

Heradsvåpen - lite format

Varsel om oppstart av Detaljreguleringsplan Sentrumsplan Stasjonsområdet Med heimel i plan og bygningslova § 12-8 vert det meldt oppstart av detaljregulering og reguleringsendring. Vedtak om oppstart vart gjort av Granvin heradsstyre 19.09.12 i samband med vedtak av planstrategien.

Planområdet ligg innafor «sentrumsområde» i gjeldande kommuneplan og Reguleringsplan Eide 2011. Føremålet er detaljera område for mellom anna bygningar og anlegg og endra føremål og grensar i gjeldande Reguleringsplan Eide (2011).

Sjå Les meir for relvente saksdokument

Utgangspunktet er å utvikle området som fremtidas trebygd og sjå konkret på korleis dette kan gjerast.

11. oktober kl. 10-15 på heradshuset i Granvin

Program for dagen - sjå her

1 Trestein godt plassert i "boet"

Me har no gjennomført eit moglegheitsstudie del 1 om Stasjonsområdet som vart avslutta i februar 2012, med presentasjonar av Atsite, Cubus og Opaform, med støtte frå Husbanken og Hordaland Fylkeskommune. Tidlegare poster visar aktiviteten undervegs. No er det så tid til neste steg. Me ønskjer å vidareutvikle Granvin som trebygd - les under, klikk på "les meir"

Arkitektmodellar og hefter frå dei tre prosjekt om stasjonsområdet ligg no til utstilling i gangen v. kantina på Mælandshagen (rett fram når du kjem inn). I tillegg modellar frå ungdomsskulen sin gründercamp. Prosjektane vart presentert på eit ope møte i Trudvang 3. feb. 2012 og er resultat av ein 4 mdrs arbeidsprosess med mange innspel frå lokale og regional interesser, grunneigarar mm. Sjå Les meir for å sjå presentasjonane/heftane.

I år 2010 kjøpte Granvin herad NSB sin eigedom, bnr.123 bnr.19 i Granvin. Området var endestasjon for Eidebana, som vart nedlagd i 1984 (siste godstog i 1988). Stasjonsområdet er på om lag 17 da. og må kunna seiast å vera "indrefileten" i Granvin sitt sentrum. NSB-området strekkjer seg frå Jernbanebrua i nord og ned til og med kaien på Eide. For området er det godkjend reguleringsplan - med formål: bustad, forretning og kontor.

Granvin Herad har no starta ein open prosess der me saman kan leggja rammane for vidare utvikling på området. Me ber difor alle me ikkje til no har vært i kontakt med og å komme med idear og innspel til dette arbeid. Send dette til Ebbe Dam Meinild på ebbe@granvin.kommune.no - takk:)

Med bakgrunn i midlar fra Hordaland Fylkeskommune og Husbanken har me knytt til oss tre ulike (landskap-)arkitektkontor, som me gitt som oppdrag om samla alle idear, innspel, utfordringar og problemar til konkrete forslag for korleis ein kan samordna dette. Me har planlagt to møtar det me ynskjer å få med interesserte frå Granvin og andre relevante plasser.

Under ligg diverse bakgrunnsinfo og tidligare arbeid om NSB-området/tettstaden Eide

 

Tettstadsanalyse laga av Arkitektkontoret ABO i 2000-2001 som del av grunnlaget for reg.planen for Eide 2003.

Informasjonsmøte om utvikling av tidlegare NSB-område på Heradshuset torsdag 15. september kl 18.00

Her ligg diverse kart over NSB-området hvor gjeldande reguleringsplan vises og hvor det aktuelle område for planen - kjerneområde og tilleggsområde - er innteikna. Dei ligg båe som kart og flyfoto (ortofoto).

Ein analyse av Eide laga av Knut Myklebust i 1995 på bestilling av Granvin Herad med tanke på bebyggelse av området som då vart eiga av NSB. Vedlagt er planen i si heilheit og oversiktskartet frå planen.

Granvin Herad er deltek i prosjektet "Framtidas Bygder" i lag med NAL Ecobox, Zero og Trefokus og fem andre kommuner. Prosjektet ble nyleg premiert av kommunaldepartementet sine Bulyst-midlar. Sjå vedlagte presentasjon!

   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS