Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Kommunekart for Granvin

Kva skjer?

april 2017
tyontofrla
272829303112
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
1234567

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

   

Endeleg vedtak - reguleringsplan Fv 7 Lussandberget

 I møte i Granvin heradsstyre 24.04.13 vart det gjort følgjande vedtak;

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Granvin heradsstyre sak nr. 11/211 Detaljreguleringsplan Fv. 7 Lussandberget (PlanID 12342011003), planomtale dagsett 14.01.13 og føresegner dagsett 29.01.13, med følgjande tilleggspunkt: 

  • Til grunn for plassering av anleggsveg og deponi leggjast kart av 05.03.13.
  • Granvin herad ønskjer å ta del i detaljplanlegging av anleggs- og deponiområde i lag med grunneigar på Beggevik.
  • Granvin herad ønskjer å nytte overskottsmassane på ein mest mogleg samfunnsnyttig måte innafor dei økonomiske rammar for prosjektet.
  • I føresegner § 7.1 avsnitt 4 vert sletta og erstatta med: ”Bruk av deponiområde i strandsona og anleggsveg etter veganlegget er ferdigstilt vert lagt fast i byggeplan i samarbeid med Granvin herad og grunneigar.”  

Kommunestyret sitt vedtak om reguleringsplan kan påklagast til Fylkesmannen jfr. § 12-12 og § 1-9 i plan- og bygningslova og kap. VI i forvaltningslova. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa og skal sendast via Granvin herad. Ein viser og til vilkåra i §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova som omhandlar krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Plandokument er tilgjengeleg her: http://www.vegvesen.no/Fylkesveg/fv7lussand/Nyhetsarkiv/Vedteken+reguleringsplan+24.04.2013.468029.cms

Sakspapir ligg som pdf under.

Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat – planavd., Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no

Publisert av Ebbe D. Meinild. Sist endra 01.05.2013
Heradsvåpen - lite format

Fv. 7 Lussandberget i Granvin herad. [30.11.2012]
Statens vegvesen har med bakgrunn i innkomne merknadar frå oppstartsmeldinga og vedtak i Hordaland fylkesting laga eit framlegg til reguleringsplan basert på ein lang tunnel for fv. 7 Lussandberget i Granvin herad. I samsvar med Plan- og bygningslova §§ 3-7 og 12-10 kunngjer Statens vegvesen med dette at planen er utlagt til offentleg ettersyn.

Kontaktpersonar for planarbeidet i regi av Statens vegvesen er: Jonas Dalland, tlf 55 51 63 44, e-post jonas.dalland@vegvesen.no (prosjektleiar) eller Hilde Gunn Stenseth, tlf 56 52 02 07, e-post hilde.stenseth@vegvesen.no (planbestillar) Open kontordag Statens vegvesen arrangerer open kontordag på Jaunsen Gjestgjevarstad tysdag 18. desember klokka 15-18. Vi oppmodar alle som har spørsmål eller innspel i plansaka om å møte opp i løpet av denne tida. Sjå planen Planen kan finnast i papirutgåve på tenestetorget i heradshuset i Granvin og på Voss vegkontor. I tillegg er planforslaget lagt ut i digital form - sjå her. 

Merknadar Dei som har merknadar, spørsmål, opplysningar eller innspel til planen, kan innan 14. januar 2013 sende desse skriftleg til Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, merka ”Saksnummer 2011021679”. Alternativt e-postadresse firmapost-vest@vegvesen.no

logovegvesen.gif

I samsvar med vedtak i Granvin formannskap i møte d. 24.11.11, sak nr. 11/211, vart planprogram for Fv7 Lussandberget fastsett slik: 

  1. I samsvar med § 12-9 i Plan- og bygningslova fastset Granvin formannskap framlegg til planprogram for Fv 7 Lussandberget dagsett 19.03.2011.
    - Granvin herad ønskjer at "Konsekvens for bumiljø (bustad og opphald) skal utgreiast." i pkt 8.2 utgreiast som eit sjølvstendig punkt i lag med konsekvens for gardsdrift nemnt i pkt 8.5.
    - Granvin herad ønskjer at deponering av massar skal utgreiast som eit eige punkt.
    - Tittel for pkt. 8.4 skal endrast til "Kulturminne og kulturmiljø"
  2. Granvin herad ønskjer at minst eitt alternativ som går bak grenda Lussand vert utgreidd og vurdert som ein alternativ trase. Det må takast omsyn til gardsdrift og bumiljø.

Sjå relevante dokument i saka her (les meir).

   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0800-1430

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin

Bilete frå Granvin

Liv Alice Holven nyt sola. | Fotograf: sr
1. - 4. klasse
sr

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS