Publisert 11.07.2017
Kommunevåpen

Heradshuset vert stengt i veke 29, 17. - 21. juli.

Telefonen vil verta besvart av Voss kommune denne veka.

Publisert 07.07.2017
Siri og Kjetil

 Onsdag var det god aktivitet på yrkesskulebygget, i ungdomsklubben sine nye lokale. Her er litt bilete frå dagen. Neste økt vert tysdag 10-15, hiv deg gjerne med! Ta kontakt med Siri på tlf 40403861 dersom det er noko du ynskjer bidra med.

Publisert 04.07.2017
Kommunevåpen

Ungdomsklubben UFU skal flytte frå lokala på Eide, til 2. etasje i yrkesskulebygget. Før det kan skje er det mykje arbeid som må gjerast, og ungdomsarbeidarane Siri og Kjetil er takksame for alle som kan bidra med stort og smått. Klikk les meir for å sjå kva dei kan trenge hjlep med. Følg og med på facebook-sida UFU- treng hjelp for å sjå meir informasjon!

Publisert 03.07.2017
Hardanger IKS.jpg

 I samband med at "Bulyst og bukvalitetar i Hardanger" vert eit hovudtema for årets Hardangerkonferanse 15.-16. november 2017 i Norheimsund, ynskjer me å stilla nokre spørsmål til personar som anten bur i Hardanger og pendlar ut av regionen - eller som pendlar inn til ein kommune i Hardanger og som ikkje bur i regionen. 
Alle som er i denne målgruppa vert med dette invitert til å svare på spørjeundersøkinga og med det ta del i trekkinga av eit reisegåvekort til ein verdi av kr 5000,-

Spørjeundersøkelse

Publisert 30.06.2017
Valglogo_gull_nynorsk.jpg

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 11. september eller i førehandsrøysteperioden 10. august -  10. september, kan du tidlegrøyste 3. juli - 9. august 2017, på heradshuset i Granvin.
Måndag-Torsdag kl 9-14. Husk legitimasjon! 
Valstyret i Granvin

Publisert 29.06.2017
Granvin Bygdatun

 Granvin bygdemuseum opnar for publikum laurdag 1. juli. Torsdag 13., 20., og 27. juli frå kl 14-17 vert det servert kaffi og vafler i tunet, og sommarkonsert med elevar frå musikkskulen i Granvin. Opningstider og info (PDF, 373 kB)

Publisert 28.06.2017
fylkeskommunen.jpg

 Hordaland i tal kjem to gonger i året i samband med fylkestinget. Om våren er tema folketal og demografi, om hausten er tema næring, innovasjon og utdanning. Les nyhendebrevet her (PDF, 304 kB), og Hordaland i tal nr 1-2017 her (PDF, 2 MB).

Publisert 28.06.2017
hordanamn.JPG

 Har du prøvd tenesta Hordanamn? Det er ei stadnamnteneste der du kan søkje på stadnamn i Hordaland, sjå namna i kartet og høyra den lokale uttalen.
Hordanamn

Publisert 19.06.2017
Kommunevåpen

 Opningstidene på heradshuset er frå no av måndag-torsdag 9-14. Dersom du har behov å snakke med sakshandsamar utenom desse tidene, ta direkte kontakt for å avtale tid.

Publisert 16.06.2017
Kommunevåpen

Voss kommune og Granvin herad har vedtatt å slå seg saman frå 1.1.2020. I samband med samanslåinga lyser "Nye Voss" ut prosjektstilling som prosjektmedarbeidar.

Første Førre | Neste Siste