Publisert 20.08.2019
Øvre Granvin

I perioden 15. september - 1. desember 2019 skal NIVA (Norsk institutt for vassforskning) undersøke omlag 1000 innsjøar i hele Noreg. Dette gjeld og Granvinsvatnet.

Det skal takast ei prøve frå kvar innsjø. Prøva vil bli teken med vasshentar frå helikopter over sentralt område i innsjøen. Dette vil ta om lag 2-3 minutt i kvar sjø. Helikopteret vil ikkje lande fysisk på vatnet.

 

For meir informasjon om prosjektet sjå her (PDF, 235 kB)

Publisert 16.08.2019
Opning av nye avdelingar i Tueteigen barnehage.jpg

I dag har rådmann Trude Letnes opna dei nye avdelingane Fjord og Fjell I Tueteigen barnehage. Avdelingane held til i kjellaren på heradshuset.

Romma er flott innreda som barnehagelokale. Både born og vaksne er fornøyde.

 

Publisert 15.08.2019
næringshagen i hardanger.JPG

Gründerakademiet vil fire helger i haust arrangere kurs for grunderar.

Målsetjinga for kursa er å rusta deg som gründer til suksessfull oppstart og/eller drift av eiga verksemd. 

Les meir om kursa (PDF, 158 kB)

Bindande påmelding til Næringshagen i Hardanger innan 1.september.

Publisert 15.08.2019
val.jpg

Førehandsrøystinga startar innanriks måndag 12.august og held fram til og med fredag 6.september.

Stader og tidsrom for førehandsrøysting 

Hugs å ta med deg valkort og legitimasjon med bilete. 

Publisert 16.07.2019
Sykkeltur.jpg

Granvin sjukeheim ser etter frivillige som kan ta med seg bebuararne ut på ein liten sykkeltur med elsykkelen på godværsdagar.
 

Første Førre | Neste Siste