Open planprosess for NSB-området

I år 2010 kjøpte Granvin herad NSB sin eigedom, bnr.123 bnr.19 i Granvin. Området var endestasjon for Eidebana, som vart nedlagd i 1984 (siste godstog i 1988). Stasjonsområdet er på om lag 17 da. og må kunna seiast å vera "indrefileten" i Granvin sitt sentrum. NSB-området strekkjer seg frå Jernbanebrua i nord og ned til og med kaien på Eide. For området er det godkjend reguleringsplan - med formål: bustad, forretning og kontor.

Granvin Herad har no starta ein open prosess der me saman kan leggja rammane for vidare utvikling på området. Me ber difor alle me ikkje til no har vært i kontakt med og å komme med idear og innspel til dette arbeid. Send dette til Ebbe Dam Meinild på ebbe@granvin.kommune.no - takk:)

Med bakgrunn i midlar fra Hordaland Fylkeskommune og Husbanken har me knytt til oss tre ulike (landskap-)arkitektkontor, som me gitt som oppdrag om samla alle idear, innspel, utfordringar og problemar til konkrete forslag for korleis ein kan samordna dette. Me har planlagt to møtar det me ynskjer å få med interesserte frå Granvin og andre relevante plasser.

Under ligg diverse bakgrunnsinfo og tidligare arbeid om NSB-området/tettstaden Eide

 

Sist endra 16.01.2012