Reguleringsplanar i Granvin Herad

I menyen til høgre ligg gjeldane reguleringsplanar i medhald Plan og bygningslova.

Me jobbar med ein god innføring i prosessen rundt reguleringsplanar, men inntil vidare sjå Kvam herad sin "startpakke for reguleringsplanar".

Under har eg skreve litt om eit av dei omgreb som vart innført med Plan og bygninglova frå 2009 - Planprogram.

Litt om reguleringsplan, planprogram og konsekvensutgreiing.
I Plan og bygningslova frå 2009, § 12-9, går det bl.a. fram at "Reguleringsplan kan utarbeides som områderegulering, jf. § 12-2, eller detaljregulering, jf. § 12-3." I denne sak er detaljregulering i § 12-3 relevant. Når det da samtidig utarbeidast eit planprogram er det difor to ulike prosesser i den forstand at funksjonen er ulik. Detaljreguleringsplanen er innhaldet i planarbeidet og korleis planen vert utforma konkret. Planprogrammet skal gje ein oversikt over kva slags spørsmål som skal utgreiast i samband med planarbeidet og korleis ein vil gjere det.

Vidare i § 12-9 står bl.a. " For planer som kan få vesentlige verknader for miljø og samfunn, skal det utarbeidast planprogram etter reglene i § 4-1". Altså må ein då ha eit planprogram i tillegg til reguleringsplanen. Ifølge § 4-1 skal planprogrammet skal tilpassast den konkrete plansituasjonen og planbehovet, men skal gjere greie for fylgjande:
- Klargjere føremålet med planarbeidet.
- Vise korleis planprosessen med fristar og deltakare skal gå føre seg.
- Klargjere opplegget for medverknad, spesielt i høve til dei gruppene ein går ut
frå vert særleg råka.
- Klargjere kva alternativ som vert vurdert.
- Drøfte aktuelle problemstillingar i planarbeidet.
- Drøfte behov for utgreiingar.

Etter § 4-2 skal det òg lages ein konsekvensutgreiing (KU) med støtte i same formulering om "vesentlige verknader for miljø og samfunn". Det forståas av same § at ein KU er "en særskilt vurdering og beskriving -konsekvensutredning - av planens verknader for miljø og samfunn."

Må man ha ein KU må man difor og ha eit planprogram.

 

Sist endra 22.06.2012