Oppstart av arbeid med ny Kommunedelplan for næring, landbruk og skogbruk, perioden 2013-2016

 Oppstart av arbeid med ny Kommunedelplan for næring, landbruk og skogbruk, perioden 2013-2016: I planstrategien for Granvin herad 2012-2015 vedtok Granvin heradstyre å fornya gjeldande KDP for næring og å inkludera landbruk og skogbruk. Med dette vert framlegg til planprogram lagt ut på høyring i 6 veker.

Merknader og innspel må sendast Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no innan 11.oktober 2013. Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat – planavd.

Publisert av Ebbe D. Meinild. Sist endra 30.08.2013

Næringsutvikling og kulturbasert næring er eit av hovudtema i Kommuneplanen sin samfunnsdel som vart vedtatt i 2005. Føremålet med å lage ein ny næringsplan er å arbeide vidare for å få til eit målretta styringsverktøy for heradet.