Endeleg vedtak - Detaljreguleringsplan Massedeponi Nedre Spildo 

I møte i Granvin heradsstyre 13.06.12 vart det gjort følgjande vedtak; HS-026/12 Vedtak:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Granvin heradsstyre sak nr. 10/40 Detaljreguleringsplan for massedeponi Spildo - planomtale, føresegner og ROS-analyse dagsett 12.03.12, kart dagsett 14.02.11 og Støyvurdering 22.12.10.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for bruk av eksisterande masseuttak til mellombels deponiområde for tunnelstein og seinare utnytting av steinressursen til produksjon av pukk og grus. Planen seier òg noko om korleis uttaket skal setjast i stand etter avslutta drift. Planen skal gi ei effektiv, trygg og miljømesseg forsvarleg drift av massedeponi og produksjonsområde for pukk og grus.

Sjå "les meir" for relevante plandokument

 

Heradsvåpen - lite format

I samsvar med vedtak i Granvin formannskap i sak 28/11, og i medhald av plan- og bygningslova § 12-10, vert detaljreguleringsplan for massedeponi - Nedre Spildo -, jf planomtale med ROS-analyse og føresegner datert 23.03.11 og plankart datert 14.02.11, lagt ut til offentleg ettersyn.