Ny adresse Seimsvegen

 Det er sendt ut brev til grunneigarar ved Seimsvegen 

 Då Granvin herad skal innføra offisielle vegadresser i Granvin, har teknisk etat utarbeid liste over hus som får nummer til vegadressa Seimsvegen.

 

Kart over Seimsvegen med husnummer ligg på Tenestetorget på heradshuset, Granvin Folkebibliotek eller på heimesida http://www.granvin.kommune.no/.

 

Dersom de som eigar har merknad til adressa/husnummer som er oppført på vedlagde liste, ber me om at de sender skriftleg melding/uttale til teknisk etat innan 28.07.2014.

 

Dei som leiger ut hus eller leilegheiter har ansvar for å informera om adresseendringa til sine leigetakarar.

 

Når det gjeld gardsbruk i Granvin, så kan dei få registrert gardsnamnet som eit tilleggsnamn til vegadressa(jmfr. matrikkelforskrifta §54). Dersom de ynskjer dette, ber me om ei tilbakemelding (namn på eigar, gardsnummer, bruksnummer og namnet som skal registrerast.)

 

På oppmoding frå Posten, ber me dykk ta i bruk den nye adressa, samt sende melding om adresseendring til dykkar kontaktar når de har motteke vedtaksbrevet. Posten har utvikla eit gratis tilbod for dei som kan nytta datamaskin/lesebrett/mobiltelefon med internett og i tillegg epost.

 

Sitat frå Posten:

«Adressepostkortløsningen fungerer slik at man kan gå på www.posten.no/meld-riktig-adresse og legge inn navnet sitt, gammel og ny adresse. Deretter søker man opp hvem som skal få beskjed (både bedrifter og private) og når man har bekreftet bestillingen, printer vi ut adressepostkort som sendes i postgangen til mottaker. Vi har fått mange positive tilbakemeldinger på dette tiltaket.»

 

Posten har fått kopi av nummertildelinga.

 

 

 

 

 

De vil få utdelt godkjendt husnummerskilt med refleksbakgrunn vederlagsfritt frå heradet. Huseigar er ansvarleg for oppsetjing av husnummerskilta etter vedlagte reglar.

Dette gjeld for næringsbygg, einebustad, våningshus, fritidsbustader og stølshus.

 

Det vert sendt ut vedtaksbrev når adresseendringa trer i kraft.

 

 

 

Med helsing

 

 

 

 

Asbjørn Helleve

Einingsleiar teknisk drift

Direkte innval: 56 52 40 32

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 15.08.2014