Hardingfela i Granvin

Hardingfele - Klikk for stort bilete Hardingfelemusikken har lange tradisjonar i Granvin, og fleire av dei mest kjende hardingfelespelarane i landet kjem herifrå. Her er slåttar i direkte tradisjon etter felespelarar som levde heilt attende på 1700-talet, som Eirik Medaas og «Kongstunen». Sidan har hardingfelemusikken vorte formidla frå utøvar til utøvar og frå generasjon til generasjon ved hjelp av gehør og utan notar.
Slik er denne kulturarven ført vidare til stadig nye slektsledd. Den har overlevd skiftande tider og er høgst levande i dag med unge spelemenn frå Granvin som fører tradisjonane vidare.

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 03.07.2017