Brev frå avtroppande rektor

Avtroppande rektor - Klikk for stort bilete

Kjære gravensarar :) 

Tusen takk for 8 flotte år, på ein knakande god arbeidsplass, saman med kjekke elevar og dyktige tilsette. Takk for samarbeidet med alle heimane og med politikarane i Granvin!! Det har vore gildt :) 

I dag hadde eg min første arbeidsdag på Voss, i stillinga som leiar for alle grunnskulane der. Mi viktigaste rolle i denne jobben er å vera næraste leiar for alle 10 rektorane på Voss - med alt det inneber - og etter kvart for den nye rektoren i Granvin. Det vil seia at eg framleis skal få lov til å «halda eit auge med» den gode skulen i Granvin; i alle fall etter 2020 – når kommunane er samanslegne. Då er det ein stor fordel at eg kjenner skulen i Granvin godt.

I går hadde eg min siste arbeidsdag på skulen i Granvin. Det var frykteleg rart og veldig vemodig. Sidan eg er av den håplaust lettrørte typen, hadde eg ein plan om å snika meg ut dørene, men lærarar og elevar hadde planlagt det annleis. I matpausen vart eg beden inn i gymsalen, og der sat alle 90 elevane på golvet med kvar si rose i handa. Det var eit ekstremt vakkert syn. Elevane kom truleg heim og fortalte om ein grinande rektor, og det er ei sannsoge. Det vart både tale, diktopplesing og dans, i tillegg til overrekking av roser og klemming. Og jammen dukka ikkje rådmannen opp med Granvins-vase, og den politiske representanten i SU kom med flott blomehelsing frå politikarane. Tusen takk, alle saman!!! Denne dagen kjem til å sitja godt i minnet! Men det gjer også dei gode kvardagane på skulen i Granvin, og eg skal ta desse fram kvar gong eg lengtar tilbake, for det kjem eg til å gjera.

Tusen takk for 8 flotte år, på ein knakande god arbeidsplass, saman med kjekke elevar og dyktige tilsette. Takk for samarbeidet med alle heimane og med politikarane i Granvin!! Det har vore gildt :) 

Eg vil nytta høvet til å ynskja Siv T. Halstensgård lykke til i jobben som konstituert rektor fram til sommarferien. Og så håpar eg me lukkast i å tilsetja ny rektor frå 1. august.

Siv vert å treffa på tlf. nr. : 97 65 93 25. Eg kan framleis treffast på tlf. nr.: 40 40 38 85, ved behov.

 

Mvh Rigmor :) 

Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 05.04.2018