Bilete frå Granvin

Fotograf: Dirk Kohlman
Granvin bruk
Dirk Kohlman

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kva skjer i Granvin?
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Borgarleg vigsel

borgarleg vigsel.jpg - Klikk for stort bilete Frå 1. januar 2018 har norske kommunar fått mynde til å vigsla brurepar. I Granvin er det ordførar Ingebjørg Winjum, varaordførar Hans Jakob Mæland og rådmann Trude Hoflandsdal Letnes som har mynd etil å vigsla. Granvin herad har lagt til rette for gjennomføring av seremonien innafor arbeidstid på heradshuset, men det er og opna opp for andre ynskjer. Ta kontakt i god tid for å finna ut kva som er mogleg å få til.

 Det er ein del vilkår i ekteskapslova som må vera på plass for at ein skal kunna gifta seg. Les meir her: 
Retningsliner for kommunal vigsel
Ekteskapslova
Forskrift om kommunale vigslar

Vilkår
For å kunne gifte seg må Skatteetaten sjå til at brureparet stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Difor må ein del dokument sendast inn og verte handsama av Skatteetaten. Sakshandsaminga tek to-tre veker, så ein må vera ute i god tid. Dokumenta som må sendast inn er:
Eigenerklæring
Forlovarerklæring
Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
Melding om endring av namn dersom du skal endre namn

Alle dokumenta finn du på nettsidene til Skatteetaten. På grunnlag av dette skriv Skatteetaten ut prøvingsattest, som syner at paret stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Attesten må synast fram før vigselen, og kan ikkje vera eldre enn 4 månader.
Under vigslinga må det vera to vitner til stades, desse kan vera forlovarane. Både brurepar, vitne og forlovarar må ha med gyldig legitimasjon.
Om dei som skal gifta seg er utanlandske statsborgarar må dei dokumentera lovleg opphald i Noreg på tidspunkt for vigsling. Utanlandske statsborgarar må og senda prøvingsattesten ein dag på førehand.

Vigselsrom
Vigslane kan skje i formannskapsrommet på heradshuset, i kantina i Mælandshagen eller i Holvenstova i bygdatunet. Granvin herad har ansvar for tilrettelegging og enkel pynting av desse lokala. Det kan opnast for vigsel i andre lokale, men dette må avklarast med vigslaren i god tid, og brurefolket må sjølv organisera, pynta og kosta dette. I tillegg kjem eit gebyr på kr 1000,- til Granvin herad og reisekostnader etter statens regulativ for vigslaren.

Seremoni
Vigslinga skjer etter faste reglar. Vigslaren les Det borgarlege vigselsformularet. Deretter spør vigslaren brureparet om dei vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt skal vigselsprotokollen underteiknast. Seinast 3 dagar etter bryllaupet vert vigselsmelding sendt Folkeregisteret. Folkeregisteret vil så sende attest til dykk.

Kontakt
Om du ynskjer å gifte deg i Granvin, send ein e-post til postmottak@granvin.kommune.no, eller direkte til vigslaren der du skriv:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brureparet
  • Kva dato de ynskjer gifta dykk
  • Kven de ynskjer skal stå for vigslinga
  • Kvar de ynskjer seremonien
Publisert av Mari Mæland. Sist endra 14.05.2018
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Kommuneplan 2020-2031
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

 

Levert av ACOS AS