GRANVIN BYGDATUN - MUSEUM

Granvin bygdatun ligg fint til på Eide like bakanfor posten/Coop. Museet omfattar 6 bygningar; m.a. Holvenstova og ei særprega årestove. Ved badeplassen på Eide ligg eit gamalt naust som også høyrer tunet til. ____________________________________________________________________

Granvin Bygdatun 1 - Klikk for stort bilete Bygdatunet i Granvin representerar i dag ei rik og mangfaldig museumssamling med fleire bygningar med gode og brannsikre magasin. Her finn ein m.a. ei omfattande museums-samling m.a. med mange gjenstandar samla inn lokalt, ei rik samling bringklutar og ikkje minst den kjende samlinga om botanikaren Johan Havaas. Sommaren 2005 fekk me også premiesamlinga etter spelemannen Anders Kjerland, og denne samlinga kan ein no sjå utstilt i Løflotstova.

HAVAAS-SAMLINGA: Johan Havaas (1864-1956) var fødd i Granvin der han verka som botanikar og gardbrukar. Han vart tidleg interessert i botanikk og spesialiserte seg på låg ståande plantegrupper. Han samla inn og registerte store mengder mosar, lav og parasittsoppar. Lengst nådde han som lavforskar, og det er som lichenolog han er mest kjent og internasjonalt berømt . Han skreiv fleire viktige arbeid om desse emna og han laga 2 såkalla eksikatverk. Det vil seie standard herbarium som er viktig reiskap, for å standardisera artane. Utanom samlinga på bygdatunet finn ein Havaas sine samlingar ved Universitetet i Bergen og Duke University North Carolina.

 

Granvin Bygdatun - bauta - Klikk for stort bilete Granvin Bygdatun - Mostova - Klikk for stort bilete Granvin Bygdatun - Løflotstova - Klikk for stort bilete Johan Havaas - Klikk for stort bilete