Kommunale vegar

VEDLIKEHALD AV KOMMUNALE VEGAR I GRANVIN HERAD

PRIORITERTE TENESTER
Tiltak på kommunale vegar som sikrar at trafikantane kan ta seg sikkert fram. Granvin herad har vedteken standard ein hovudplan for kommunale vegar. Denne vert lagt til grunn for vedlikehaldet som vert utført på vegane våre. Tiltak vert også sett i gong på grunnlag av dei erfaringane som driftsavdelinga sit inne med. Driftsavdelinga arbeider med tilsyn, utbetring av registrerte skader på vegnettet og systematisk vedlikehald av vegnettet.Brøyting, strøing og rydding av kommunale vegar og plassar er sett bort til private firma.

GJENNOMFØRING
Tiltak, til dømes siktutbetring, drenering, reingjering, sikringskantar, asfaltlapping, etc., vert gjennomført etter prioriteringar gjort av driftsavdelinga . For snøbrøyting er det utarbeida instruks for den kommunale tenesta, der det går fram at veg som er open for vanleg ferdsel skal vera farbar for personbilar som er normalt utstyrt for vinterkjøring. Minste snømengde før brøyting vert utført skal vera 10 cm . Ved våt og tung snø og ved særleg vanskelege kjøreforhold kan brøyting startast før. Ved snøfall om natta skal vegen normalt vera gjennombrøytt før morgontrafikken set inn . Ved store snøfall kan forseinkingar utover dette aksepterast. Ved brøyting vil det verta lagt igjen snø og is i private avkjørsler. Denne snøen og isen må den enkelte eigar av privat veg sjølv fjerna. Akutt-tiltak, til dømes ras, utgliding av vegbane etc., vert vurderte i kvart enkelt tilfelle basert på risiko for liv og helse og materielle tap.

LOVER SOM GJEV HEIMEL TIL ULIKE ARBEID PÅ KOMMUNALE VEGAR
Forvaltningslova Veglova av 21.06.1963
Vegtrafikklova av 18.06.1965 med forskrifter og vedtekter.
Plan og bygningslova med forskrifter Grannelova av 16.06.1961
Forskrift om systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid

KORLEIS FORHALDA SEG VED KLAGE PÅ TENESTA
Klager som gjeld kommunal vegdrift skal rettast til teknisk drift. Klager som gjeld brøyting på kommunale vegar skal i første omgang rettast til den brøyteansvarlege for den roden der det er problem. I neste omgang skal teknisk drift kontaktast.

Sist endra 16.03.2018