Jordbruk og skogbruk

Thomas Sjøflot - Klikk for stort bileteThomas Sjøflot

Har du spørsmål kring jordbruk og skogbruk, og ynskjer å snakka med ein konsulent? 

Jord- og landbrukssjef Thomas Sjøflot er nomalt tilgjengeleg for besøk måndag, onsdag og torsdag kl. 10:00-14:00. Dersom du gjer timeavtale, kan den leggjast til andre dagar.

JORDBRUK

Jordbrukssjef/fagkonsulent forvaltar saker etter særlover og forskrifter innan jordbruket, og tilskots- og låneordningar, velferdsordningar og bygde- og næringsutvikling. I tillegg kjem diverse arealforvaltnings- og planarbeid og kontrolloppgåver.

 

SKOGBRUK
Skogbrukssjefen forvaltar saker etter skogbrukslova, og dei forskriftene som hører inn under skoglova. Dei viktigaste er

- Forskrift om skogoppsyn i medhald av skoglova
- Forskrift om bruk av skogavgift
- Forskrift om tilskot til bygging av skogsvegar
- Forskrift om skoghygiene (fornying og skjøtsel)
- Skogbrukssjefen handsamar alle søknadar om løyve til planlegging og bygging av landbruksvegar.

Resultatkontroll, statistikk og planoppgåver er også viktige arbeidsfelt.

Om du har skogskjøtsel oppgåver (planting, ungskogpleie, markarbeiding, kvisting etc) som du ynskjer utført tek du kontakt med skogbrukssjefen.

.

Sist endra 09.05.2019