Stortingsval 2017
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Kommunekart for Granvin

Kva skjer?

juni 2017
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012
3456789

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

   

Granvin barne- og ungdomsskule


 

Skuleåret 2016/2017 startar Granvin barne- og ungdomsskule med 87 elevar. Skulen vil også dette året vera 8-delt; 2. og 3. klasse går i felles klasse; det same gjer 6. og 7. klasse. Skulen ligg i sentrum, og er den einaste skulen i bygda. Besøksadresse: Hardangervegen 2543. Skulen har symjebasseng og idrettsbane knytt til anlegget. Skulen er bygd i 1972, og fekk eit tilbygg i 1995. Våren/hausten 2012 vart skulen rehabilitert. Me fekk m.a. nytt basseng, som me tok i bruk september 2013. I mars 2016 hadde me opningsseremoni for det nye taket på skulen. Me kunne samstundes feira nytt møterom og myldrerom for elevane. 
 
Det er i år 22 tilsette ved skulen. Av desse er det 17 lærarar (inkludert assisterande rektor og kulturskulerektor), 3 assistentar/fagarbeidarar, IKT-ansvarleg og rektor. Det er om lag 13 pedagogiske årsverk ved skulen. Av administrativt personale har me rektor i 100% stilling, assisterande rektor i 60% og SFO-leiar i 20%. I tillegg har me sekretærressurs i 60% stilling.
 
SFO har dette året ope i tida 07.30-08.30 og 14.00-16.30. Mellom kl. 13.00 og 14.00 tilbyr skulen ei tilsynsordning, for elevar som har rett på skuleskyss. Leif Harry Øydvin er ansvarleg for SFO-aktivitetane og innhaldet i tilsynstimen. Solveig Schei Hellesnes Uppheim har det overordna SFO-ansvaret. Leksehjelp vert dette året gjeve som tilbod til 7. – 10. klasse to dagar i veka mellom kl. 14.00 og 15.00. Denne økta startar med lett måltid.
 
Jannicke Ophaug er rådgjevar og sosiallærar ved skulen. Spesialpedagogisk koordinator er Marit Spildo. Kjartan Haugen er IKT-ansvarleg i 20 % stilling.
 
Nytt av året er at det er oppretta eit ressursteam, med spes.ped. koordinator, ein lærar med utdanning innanfor språk, lesing og skriving, samt rektor og ass rektor. Denne gruppa skal samordna behovet for tilpassa opplæring og spes.ped. blant elevane. Ressursteamet skal arbeida systemisk, rettleia faglærarar/kontaktlærarar i læringsarbeidet, samt planleggja og gjennomføra kurs i lesing, skriving og matematikk. PPT vil vera ein viktig støttespelar i dette arbeidet!
 
Skulen har framleis fokus på fysisk aktivitet. Alle elevane har 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag, med både aktivitet og læring som målsetjing. Her får elevane også servert frukt. Hovudsatsingsområdet til skulen dette året er rekning i alle fag.
 

Skulen sin visjon er: alle med – gjennom læring og trivsel i fellesskap!
 

Skulen sin verksemdsplan ligg som ei lenke lenger ned på sida. Du finn også skulen sin plan for arbeidet mot mobbing og skulen sin utviklingsplan.

Skuleruter for inneverande og neste skuleår ligg som eigne lenker.

 

Telefonnummer Granvin barne- og ungdomsskule
Telefonnummer Granvin barne- og ungdomsskule
Hovudnummer5652404048162242
Rigmor Hanssen40403885Rektor
Solveig Schei Hellesnes Uppheim40403884Assisterande rektor
Svanhild Danielsen48162242Sekretær
Arnstein Klovning40403872Kulturskulerektor
Arbeidsrom lærarane48162243
SFO48162244

 

 

 

Sist endra 06.02.2017
Granvin barne- og ungdomsskule
Publisert 19.02.2014
Svømmebasseng

 Granvin barne- og ungdomsskule har fått kr. 15.000.- i stønad til innkjøp av utstyr til symjehallen!

Utstyret som vil verta innkjøpt er mellom anna baneskiller, flyteringar, dykkeringar, flytepølser, flytematter, flytebelter og oppbevaringsvogner.

Publisert 10.02.2014
Telysjakta 2013

Fredag 31. januar 2014 avslutta 2. og 3. klasse telysjakta. Elevane har vore utruleg flinke!!! Dei har til saman levert inn 10009 telys!!!!! Dette gjorde at dei hamna på ein 3. plass i Hordand (av 81) og 99 i landet (av 992) Kjempebra jobba!!

Publisert 03.12.2013

 - Det er framleis veldig mange som ikkje kjenner til kva fagskuleutdanning er og kva for eit mangfold denne utdanninga representerar, dette skriv VOX og Nasjonalt fagskoleråd i ein e-post til alle kommuner i Hordaland.

Fagskule er eit utdanningstilbod til deg som er ferdig med vidaregåande. Fagskule tilbyr korte og yrkesretta utdanningar, og er eit fullverdig alternativ til høgskole og universitetsutdanning.

Klikk deg inn på denne lenka for å lese meir om kva fagskule er!

Publisert 22.11.2013

 .

Publisert 16.10.2013
Tema for dagen

 

 Før haustferien vart det avvikla Folkehelseveke på skulen. Rigmor rektor har skrive om alt det spanande og kjekke som skjedde på skulen denne veka! Les meir og sjå bilete under.

Publisert 07.06.2013
Ivar-Aasen-skodespel

Torsdag 6. juni synte 9. klasse fram eit skodespel om Ivar Aasen i samband med at det er 200 år sidan han vart fødd. I stykket var det både skodespel, diktlesing og song. Heile skulen fekk vera med på forestillinga.

I tillegg var fleire av bebuarane i Mælandshagen på vitjing saman med aktivitørar. Dei synest dette var så kjekt at dei gjerne ville koma att... 

Publisert 18.11.2011

Vedlagt ligg  meir informasjon om opplegget Marit Spildo vann IKT-prisen for.

 

Publisert 04.12.2006
Henrik Ibsen

Som sikkert dei fleste har fått med seg, så er 2006 det store Ibsen året. Dette har vorte markert over heile landet på ymse måtar. Bygdefolket vert med dette invitert til skulen for å sjå forestillinga "Ibsen i Graven" torsdag 7. desember kl. 18.00 - av og med ungdomsskuleelevane

   

Kontaktinformasjon

Rigmor Hanssen - rektor
Hardangervegen 2543 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : rigmor.hanssen@granvin.kommune..
Telefon
: 56 52 40 40

Mobil
: 40 40 38 85

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin

Bilete frå Granvin

Her konsentrerar dei seg om å få skjert ut spiral i staven sin | Fotograf: sr
1. - 4. klasse
sr

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS