Me starta matpausen med fyldig julegraut, før me tok på treningskle. I år gjekk turen frå skulen til Øykjaskår - Sentrum - Nodlen - Masta - Skulen. Me brukte 1 time og 5 min med innlagt småpausar. Ein flott tur som er godt merka.
Resten av elevane hadde juleverkstad og film på programmet.
God jul til alle!
Helsing Rune Magnar