Tueteigen barnehage er ein 3 avdelings barnehage i Granvin herad. På grunn av høgt barnetal i Granvin har alle avdelingane utvida avdelingar dette året.
Barnehagen held til i rolege omgjevnadar på Tueteigen. Barna har eit stort uteområde å boltre seg på og god tilgang til mange fine turområder. Avdelingane har faste turdagar i veka.
Barnehagen tilbyr 5, 4 og 3 dagars plass. Borna er fordelt etter alder på dei 3 avdelingane.
På avdeling Toppen går 4 og 5 åringar.
På avdeling Midten går 2, 3 og 4 åringar
På avdeling Kjellaren går 1 og 2 åringar.