Ein er også i full gong med arbeidet for samanslåing av Voss og Granvin. Det er her bestemt at alt som ein kan samordna og gjera felles skal ein allereie gjera no (gevinstrealisering).
Voss skal asfaltere mykje til neste år og ein har vorte einige om å laga til ein rammeavtale for asfaltering som vil gjelde for Granvin og Voss saman. Dette gjer at ein vil få mykje betre prisar på asfalteringa som skal utførast, og ein får lagt meir asfalt for dei midlane som ein har.
Konsekvensen av dette er at det ikkje vil verta utført asfaltering av vegar og plassar i Granvin før til våren neste år.
Alle som har eigedommar langs strekningar der ein skal asfaltera , vil i god tid før det skal utførast få melding om dette slik at ein kan ta direkte kontakt med asfalteringsfirmaet og eventuelt bestilla asfaltering i private tun og plassar.
Teknisk Drift.