Bilete frå Granvin

Fotograf: Dirk Kohlman
Granvin bruk
Dirk Kohlman

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kva skjer i Granvin?
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Elevar designa «bygdepaviljong»

IMG_20191108_123111027.jpg - Klikk for stort bilete

 Førre veke fekk elevane på ungdomsskuletrinnet ved Granvin barne- og ungdomsskule vere med på ein to-dagars arkitektur- og designverkstad i skuletida.

 Målet var å samle innspel til ein framtidig møtestad ved fjorden  – ein «bygdepaviljong» bygd i tre, som kan gje skjerma opphald og huse ulike aktivitetar. Prosjektet er ein del av eit større oppgraderingsprosjekt langs sjøfronten, med park, allmenning og utlånshytta Fjordloftet. Dette skal gjere bygda og fjorden meir tilgjengeleg og attraktiv for fastbuande og besøkande.

Arkitekt William Gibson leda elevane gjennom ei oppgåve der dei fekk inspirasjon og grunnleggjande kunnskap om utforming av ein moderne offentleg paviljong. Det vart synfaring på tomta, før elevane jobba i grupper med skisser og modellar der dei utforskar ulike konsept for konstruksjonen. Undervisninga fann stad på engelsk, og elevane måtte sjølve finna ut av målgruppe og aktivitetar til sitt bygg, samstundes som dei tok stilling til form og plassering.

Avslutningsvis fekk elevane presentere arbeidet sitt for mellom anna ordførar Ingebjørg Winjum og planleggar Katinka Kilian som er prosjektansvarleg for den nye parken. Sistnemnde kunne fortelje at elevarbeida og innspela vert tekne med vidare i arkitekten sitt arbeid med å lage arbeidsteikningar, men at ei oppføring vert avhengig av vidare finansiering og lokal dugnadsinnsats. Dei kommunale midlane vert i fyrste omgang brukt til å få på plass gangvegar, beplantning og område for leik i den nye parken.

Arkitekt William Gibson Design av paviljong Modell Modellar
Skisser
Publisert av Amalie Tykhelle Vik. Sist endra 20.11.2019
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Webmail for tilsette

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

 

Levert av ACOS AS