Bilete frå Granvin

Granvin kyrkje
Granvin kyrkje

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Bustadplan 2012-2015, framlegg til høyring

Vedlagt er framlegg til bustadplan for Granvin herad 2012-2015. Planen har status som temaplan og vert lagt til fagleg høyring 19.07.12-23.08.12. Innspel og merknader sendast til ebbe@granvin.kommune.no

Utdrag frå planen:
For tida opplever me ein paradoksal utvikling på bustadområdet i Granvin herad. Me har fleire som ønskjer å bu i bygda, men ikkje finn plass. Det er flaskehals på tilgang på byggjetomter og brukte bustader - medan folketalet går nedover med bakgrunn i m.a. negativt fødselsoverskot. Stikk i strid med det ein skulle forvente. Husvære forsvinn altså ut av marknaden av ulike årsakar. Ein del eigarar av potensielt tomteareal og av bustadhus bur utafor heradet og er ikkje interesserte i å selje. Dette går mest ut over førstegongsetablerarar, da det er dei som ikkje slepp til. Dette er ikkje eit fenomen Granvin er åleine om. Det opplevast mange plassar i distrikts-Noreg.

Dette er bakgrunnen for å lage ein bustadplan. Me ønskjer å analysera problemet og klargjere kva utgangspunkt me har. Så vil peika ut nokre sentrale utfordringar og fremja mål og løysingar for korleis desse kan møtast. Hovudmålet er ein meir fleksibelt og betre fungerande bustadmarknad i Granvin herad. Granvin herad deltar aktivt i fleire samarbeids- og utviklingprosjekt som går på utvikling av bustadsituasjonen: Flytt til Hardanger, Framtidas Bygder og Bustadetablering i distrikta.

Sjølv om bustadsituasjon som nemnt har ein sosial side er ikkje dette det primære målet for denne planen å si noko om. Dette må avklarast i ein eigen bustadsosial handlingsplan. I første omgang er det viktigaste å få ein bustadsituasjon der det er mogleg å etablera seg, gjere noko nytt og utvikle Granvin som levande bygd.

Bustadplanen følgjar opp gjeldande samfunnsplan (2005-2017) for heradet. Visjonen her er «trivsel bygda Granvin». Retninga for utvikling av Granvin som stakast ut i planen er «Ei bygd som lever og fungerer på ein slik måte at den motiverer ungdom til å bli verande, koma attende og verta gammal i Granvin». Bustadplanen skal følgja opp dette. Planen for status som temaplan og vert lagt ut på fagleg høyring 19.07.12 - 23.08.12.

Sist endra 19.07.2012
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS