Bilete frå Granvin

Fotograf: Kjartan Haugen
Lemen
Kjartan Haugen

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Granvin – framtidas trebygd

Fotograf: Leif Harry Øydvin
1 Trestein godt plassert i "boet" fotograf Leif Harry Øydvin

Me har no gjennomført eit moglegheitsstudie del 1 om Stasjonsområdet som vart avslutta i februar 2012, med presentasjonar av Atsite, Cubus og Opaform, med støtte frå Husbanken og Hordaland Fylkeskommune. Tidlegare poster visar aktiviteten undervegs. No er det så tid til neste steg. Me ønskjer å vidareutvikle Granvin som trebygd - les under, klikk på "les meir"

Tre for framtida
Me ønskjer å vidareutvikle Granvin som med fokus på miljøvennlige løysingar og kvalitet og styrkja Granvin som eit knutepunkt i verdiskaping og utvikling av dei vestlandske skog/treressursar. Granvin skal være ein plass der me legg til rette for sameksistens av næring, bustad og rekreasjon, det skal være ein god plass å jobbe og bu!

Det konkrete utgangspunktet er Stasjonsområdet på Eide - «indrefileten i Granvin» - som heradet overtok frå NSB i 2010. Det ligg sentralt i Granvin med djupvasskai og gjestehamn, og framfor eksisterande trehusbygg. Utfordringa er at området, med alle sine aktivitetar og naboar, kan brukast best mogleg av flest mogleg i framtida. Me ønskjer å utvikle dette område som eit knutepunkt i Granvin som framtidas trebygd.

Nylig vart det opning av den nye saglinja på Moelven Granvin Bruk, der Trefokus arrangerte ein tredag med deltakelse av Statssekretær frå LMD Harald Buttedahl, Fylket, Innovasjon Norge, Kystskogbruket, Moelven Wood, Vestskog mfl. Det er slike arrangement og utvekslingar me ser som døme på noko me må fokusera på vidare. Kunnskapen er der, no gjeld det om å få nytta den på ein konstruktiv måte:

  • Tre som framtidas bygg. Bygda har omfattande kompetanse innan tradisjonell byggeskikk i Granvin og ein ønskjer å fremme/etablere kunnskap om tre som miljøvennleg byggeteknikk. Bustadbygging - fokus på spesielle grupper, utleige, gjennomgangsbustader, fleksible løysingar, miljøbygg. Tre som byggmateriale er satsingsområde hjå t.d. LMD og Innovasjon Norge. Det er no avgjerande å finne løysingar som kan brukast i praksis.     
  • Tre frå skog til spon: Den kunnskapsbaserte utviklinga på området er mangesidig. Tre som energi er eit døme: Sagbruket har også det største bioenergianlegget i Hordaland. fleire offentlege bygg i Granvin er tilrettelagde for fjernvarme og ein jobbar med planar for samarbeid og utviding. Med dette kan nye bygg forsynast med miljøvennleg oppvarming. Å famna heile næringsvegen, frå skog - planting, forvaltning, mangfald og hogst - til dei ferdige produkt (inkl. restprodukt) må være ein opplagt oppgåve å få oversikt over og formidla.  
  • Granvin som trebygd: Granvin som trebygd har mange innfallsvinklar og er noko ein ønskjer å satsa vidare på. Utdanning og rekruttering er eit viktig moment her. Skulen og barnehage er alt involvert og med ønskjer å utvikla dette med t.d. Vgs og høgskule. Heradet ser eit stort potensial, særleg når det gjeld kombinasjonen av miljøfordeler og kompetansearbeidsplassar.

Stasjonsområdet som tresenter, knutepunkt og pilotprosjekt
Stasjonsområdet er ein plass der framtidas trebygd kan utviklast. Det er eit areal som knyter elementa rundt tre og skog saman heilt konkret - som nabo til sagbruket, med tømmerkai, med historiske trehus osb. Stasjonsområdet skal være eit pilotprosjekt i så måte, der tiltak kan utviklast for å kunne brukast av andre. Den eksisterande bustadmassen i tre har ein høg kvalitet, og peikar framover og er noko me vil byggja vidare på.

Med ordet «trebygd» tenker ein difor både på tre som ressurs og bygg materiale, men og som bindeledd og kunnskap i samfunnet. Med Stasjonsområdet tilgjengeleg i si heilskap har Granvin ein unik moglegheit for å få til ein samanhengande utvikling midt i sentrum. Mange andre plasser er slike areal «bygd ned». 

Vegen vidare - 3 forprosjekt
Satsing på infrastruktur: tømmerkai, badeplass, handverkarar, biltrafikk, parkering, barn, eldre med rullator, lastebiler, gjestehamn, båtslipp og syklar - i lag?! Kva slags behov finst, korleis er situasjonen per i dag, kva slags løysingar kan ein tenke seg? Me ønskjer ein open prosess der innbyggjarar og interessentar er med på å utgreie dette. Eit forprosjekt med  fagkompetanse for å finne dei rette tekniske løysingar for framtidig infrastruktur på stasjonsområdet og areal som grensar til dette.

Satsing på eit signal bygg for trekompetanse: ein plass der kunnskap om tre og skog vart samla i eit signalbygg som i seg sjølv (med sitt materialval, teknikk og arkitektur) kunne formidla: info om tre og skog, potensiale med tre, være paviljong, samarbeidsarena for treaktørar i Granvin, kontorplass, visningsrom, møteplass på kaia, Granvin sitt hardingfelesenter, konsertsal mm. Me ønskjer å få til eit konsept som samlar næringa, innbyggjarane og offentlege interesser.

Satsing på tre som miljøvennleg material:
Me har satt i gang arbeid med eit forprosjekt for å kartlegge realiserbare måtar å nytte overskotsmaterial og varme frå Moelven Granvin Bruk. Eit par store offentlege bygg er alt klar for tilkopling og nye bygg vil kunne påleggjast vassbåren varme. I tillegg vil tre som byggmateriale i miljøtilpassa bygg bli lagt til grunn på Stasjonsområdet. Fokus vil være på konkrete døme og gjerne involvera lokale byggmeistare mm.

Planlegging og detaljregulering: Dei 3 forprosjekt skal knyttast saman i ein heilskapleg plan for området. Dette ser me føre oss skal være eit eksempel på ein type planlegging, der planprosessen utvidast til å bli ein skapande prosess og ikkje stengast inne på kontor og møterom.

Framtidas bygder
Me er ein del av prosjektet Framtidas bygder (og støtta av bolyst) i regi av NAL, Trefokus og Zero. Målet med prosjektet er at bygdene ved å gjennomføre gode stadutviklingsprosessar, brukar kortreiste materialar og lokal energi som kan bli gode forbilda for framtidig planlegging. Sentralt i prosjektet står det at det skal byggja på det engasjement og dei initiativ som finst lokalt. Granvin er med Stasjonsområdet eit pilotprosjekt innafor Framtidas Bygder og me ønskjer med Granvin - framtidas trebygd å vidareutvikle dette samarbeid. Tanken er difor å bygge på den kompetanse me allereie har tilgang til gjennom Framtidas bygder. Prosjektet blir her knytt opp mot ein nasjonal utveksling av kunnskap, noko me er svært nøgde med og ser fram til.

Sist endra 25.03.2012
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS