Bilete frå Granvin

Granvinsvatnet
Granvinsvatnet

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

GRANVIN KULTURSKULE

Granvin Kulturskule -starta opp som Granvin musikkskule i 1985. Sidan den gong har kulturskulen utvikla seg heile tida. Frå 1998 vart det lovfesta at alle kommunar skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod.

Tilbod: Det vert gjeve tilbos i gitar, trommer, bass, hardingfele, piano vokal, dans og teikning. Kulturskulen har skuleåret 2015/2016 omlag 70 elevplassar. Kulturskulen er eit musikkfagleg kompetansesenter som styrkjer både fritids- og kulturlivet, grunnskulen og barnehagen i heradet. 

Mål: Granvin kulturskule har som målsetjing å gje innbyggjarane musikk, dans og dramaundervisning
• Den enkelte elev får utvikla sine musikalske/kunstneriske evner og anlegg.
• Det vert lagt grunnlag for eit rikt musikkliv i heradet.
• Lokal musikktradisjon vert vidareført i samarbeid med grunnskule og andre.

Organisering og styring: Kulturskulen høyrer administrativt under einingsleiar for skule. Rektor har overordna ansvar for drifta.

Opptakskrav: Busett i Granvin herad. Skulen er open for alle, men elevar i grunnskule vert prioriterte fyrst.

Instrument: Skulen vil om mogeleg undervise i dei vokale og instrumentale og estetiske ynskje elevane måtte ha, med atterhald om å kunne skaffa lærarkrefter.

Undervisningsstad og tid: “Brakka” på Granvin barne- og ungdomsskule.. Skuletid/ettermiddag i samarbeid med lærar/elev. Undervisning i små grupper og individuellt.

Instrumentutleige: Eleven bør ha eige instrument, men skulen vil så langt som mogeleg leiga ut til dei som ikkje har. Leige pr. halvår kr. 150.-

Elevpengar: Sjå betalingssatsar på heradet si heimeside.

Søskenmoderasjon: Det vert gjeve 50 % søskenmoderasjon og på tilbod nr. to.

Undervisningstid: Skuleåret i kulturskulen føl grunnskulen si skulerute, og elevane får undervisning ei gong pr veke i 38 veker. Undervisningstimane varar i 20 minutt pr veke. Gruppeundervisningane varer i 60 minutt.

Frammøte og betalingsreglar:Med denne påmeldinga søkjer du om å få ein elevplass for eit heilt år. Sluttar du før denne tida, må du likevel betala for heile året. Elevar som spelar eit instrument for fyrste gong i kulturskulen, kan likevel slutta til jul, og berre betala for eit halvt år.

Fråvær skal meldast til læraren før undervisninga tek til undervisningsdagen. Eleven må sjølv syta for at læraren får beskjed. Nytt læraren sitt private tlf. nr. eller mobilnr.

Elevar som er vekke meir enn 4 gonger utan å gje beskjed, reknast som slutta.

Dersom eleven lagar uro i timane, eller viser liten interesse, kan han/ho miste plassen.

All utmelding skal skje skriftleg til musikkskulen.

Tilsette i Granvin Kulturskule:

Arnstein Klovning - rektor, piano, vokal, gitar, 90 16 80 91
Jonas Vedde Ødegård - band, gitar, bass, trommer, 95 80 31 70
Johanne Mjeldheim - hardingfele, 90 56 88 77
Kerstin Bouvain - moderne dans, 90 54 87 73
Anne Kristin Skeie - teikning, 95 07 97 63
Kulturskulen: 56 52 40 46 / 40 40 38 72


Tilbod i kulturskulen 2015/2016:

-Samspel/band
-Hardingfele
-Keyboard/piano
-Vokal
-Moderne dans
-Trommer
- Teikning

Kultuskulen.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 02.09.2015
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS