Fin song frå ungane på Toppen!
M. Mæland
På sjølvaste luciadagen 13. desember fekk administrasjonen på heradshuset besøk av flotte ungar frå avdeling "Toppen" i Tueteigen barnehage. Dei delte ut sjølvbaka lussekattar til alle, og underhaldt med fin song! På veg opp att til barnehagen trefte dei på Hardangerrådet og alle ordførararane i Hardanger, så dei fekk seg ein lussekatt og litt song, på veg til møte.
Me takkar for besøket, veldig kjekt!