Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Kommunekart for Granvin

Kva skjer?

april 2017
tyontofrla
272829303112
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
1234567

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

   
Statens Vegvesen

 

I møte i Granvin heradsstyre 13.02.13 vart det gjort følgjande vedtak;

  1. Granvin heradsstyre vil presisera at lang tunell i Haukanes ville vore ei betre løysing heilskapleg sett for Fv 7 og for gardstunet Haukanes. Granvin heradsstyre ser likevel at Fylkestinget ikkje har løyvd midlar til lang tunell.
  2. I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Granvin heradsstyre sak nr. 11/212 Detaljreguleringsplan Fv 7 Haukanesberget, revidert  framlegg - planomtale, føresegner og kart dagsett 30.11.12, konsekvensutgreiing november 2012 og ROS-analyse oktober 2011, med følgjande punkt:
    1. Granvin herad vil at SVV tar kontakt med private aktørar med godkjent plan/løyve om bruk/lagring av tunnelmassar. Granvin herad kan bidra til å koordinera dette. Granvin herad ønskjer framleis å ta imot massar i sentrum til samfunnsnyttige føremål.
    2. Det må i anleggsperioden takast særskilt omsyn til landbruksdrift og bustad på Haukanes.
    3. Tunnelsprenging og dumping av massar i sjøen bør skje i tida juli – desember. Dersom ein treng lenger tid er det best å bruke januar – februar.
  3. Tillegg i føresegnene:

§ 2.2: Statens vegvesen skal etter at veganlegget er ferdig, gjennomføra ei vurdering av vegtrafikkstøy i Haukanes med tanke på avbøtande tiltak.

§ 4.1: Mellom nausta skal det sikrast tilkomst på nedsida av vegen på ein slik måte at den også kan nyttast til landbruksføremål.

§ 7.1: Som del av utfylling av tunellmassar i Haukanes kan det, om grunneigar ynskjer det, leggjast til rette for badeplass, båtplass/hamn med tilkomst til sjø.

  1. Granvin herad er kritiske til prosessane i samband med reguleringsplanarbeid. Heradet vil ta dette opp politisk og administrativt med Hordaland Fylkeskommune.

Kommunestyret sitt vedtak om reguleringsplan kan påklagast til Fylkesmannen jfr. § 12-12 og § 1-9 i plan- og bygningslova og kap. VI i forvaltningslova. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa og skal sendast via Granvin herad. Ein viser og til vilkåra i §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova som omhandlar krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat – planavd., Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no

Sjå les meir for saksdokument

 

Statens Vegvesen

Statens vegvesen har med bakgrunn i innkomne merknadar, heradsstyrevedtak 19.09.2012, og etter ønske frå Hordaland fylkeskommune revidert framlegg til reguleringsplan for fv. 7 Haukanesberget i Granvin herad. [30.11.2012]  

Endringa går ut på at prosjektet er forlenga omkring 300 m i aust gjennom opprusting av eksisterande veg. I samsvar med Plan- og bygningslova §§ 3-7 og 12-10 kunngjer Statens vegvesen med dette at planen er utlagt til offentleg ettersyn.

Kontaktpersonar for planarbeidet i regi av Statens vegvesen er: Jonas Dalland, tlf 55 51 63 44, e-post jonas.dalland@vegvesen.no (prosjektleiar) eller Hilde Gunn Stenseth, tlf 56 52 02 07, e-post hilde.stenseth@vegvesen.no (planbestillar)

Open kontordag
Statens vegvesen arrangerer open kontordag på Jaunsen Gjestgjevarstad tysdag 18. desember klokka 15-18. Ein vil oppmode om at alle som har spørsmål eller innspel i plansaka møter opp i løpet av denne tida.

Planen kan finnast: i papirutgåve på tenestetorget i heradshuset i Granvin og på Voss vegkontor. I tillegg ligg dokumenta i digital form - sjå her

Dei som har merknadar, spørsmål, opplysningar eller innspel planen kan innan 14. januar 2012 sende desse skriftleg til: Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, merka ”Saksnummer 2010014005”. Alternativt e-postadresse firmapost-vest@vegvesen.no

logovegvesen.gif

I møte i Granvin heradsstyre 19.09.12 vart det gjort følgjande vedtak;

HS-044/12 Vedtak:

Tilrådinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken:

Granvin herad godkjenner ikkje framlegg til detaljreguleringsplan (alt. H1) for Fv 7 Haukanesberget.

  

Grunngjeving:

Planen tek ikkje omsyn til den smale og lite oversiktlege vegstrekninga forbi Haukanes, og Granvin herad meiner at dette gjev ei dårleg løysing med omsyn til trafikktryggleik.

Granvin herad meiner at planen ikkje vernar kulturmiljø, landskap og landbruk i tråd med konsekvensutgreiinga i planen.

Granvin herad meiner at bruk av overskotsmassar slik det vert lagt opp til i planen ikkje er i samsvar med samfunnsnyttig bruk.

 

Viser til tidlegare heradsstyrevedtak og brev av 19.04.12, 16.05.12 og 12.06.12 i saka.

 

Kommentar frå administrasjonen: Dette betyr i praksis at planen no vert send attende til administrasjonen for ny handsaming. Me vidaresender dette ønskjer til tiltakshavarane: Hordaland Fylkeskommune og Statens Vegvesen.

 

Plandokument og saksutgreiing er lagt ut på kommunen sine internettsider, www.granvin.kommune.no under planar. Epost med einslydande brev og saksdokumenta som vedlegg har blitt sendt til alle høyringsinstansar. Ta kontakt for ettersending av dokument på papir.Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat - planavd., Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no

 

Sjå les meir for relevante saksdokument.

I samsvar med vedtak i Granvin formannskap i sak nr. 11/212, og i medhald av plan- og bygningslova § 12-10, vert detaljreguleringsplan for Fv7 Haukanesberget, jf. planomtale, føresegner og kart dagsett 16.01.12 og ROS-analyse dagsett oktober 2011 lagt ut til offentleg ettersyn i 6 uker i perioden 20.02.12-02.04.12. I tillegg står det i vedtaket at:

·- Granvin herad vil at landbruksdrifta på Haukanes blir teke godt omsyn til i planen, m.a. ved tiltak der ein opprettheld same dyrka areal som i dag og legg til rette og å krysse Fv7 med landbruksreiskap mm.

•- Granvin herad er kritisk til deponi i Granvinsfjorden, og ser på det som siste utveg. Dette grunna marin biologi og behov for utnytting av steinmassar til samfunnsnyttige tiltak.

Kontordag/oreintering på Jaunsen Gjestgjevarstad onsdag 29. feb. kl 15-18 med representantar frå Statens Vegvesen og heradet.

Føremålet med planen er å rassikre vegen ved å byggje tunnel bakom rasfarleg parti ved Haukanesberget.

Merknader og innspel må sendast Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no innan 02.04.12. Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat - planavd.

 

logovegvesen.gif

I samsvar med vedtak i Granvin formannskap i møte d. 24, sak nr. 11/212, og i medhald av plan- og bygningslova § 12-9, vert planprogram for Fv7 Haukanesberget fastsett i følgjande vedtak:

  1. I samsvar med § 12-9 i Plan- og bygningslova fastset Granvin formannskap framlegg til planprogram for Fv 7 Haukanesberget dagsett 24.10.2011.
    - Granvin Herad ønskjer at " Konsekvens for bumiljø (bustad og opphald) skal utgreiast." i pkt 8.2 utgreiast som eit sjølvstendig punkt i lag med konsekvens for gardsdrift nemnt i pkt 8.5.
    - Granvin Herad ønskjer at det deponering av massar i sjø utgreiast som eit eige punkt.
  2. Granvin herad ønskjer at minst eitt alternativ som går bak tunet på gardsbruket på Haukanes, vert utgreidd og vurdert som ein alternativ trase. Det må takast omsyn til gardsdrift og bumiljø. 

Sjå relevante dokument i saka her (les meir). Om det går for treigt, så bruk SVVs sin heimesida her.

 

   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0800-1430

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin

Bilete frå Granvin

Her konsentrerar dei seg om å få skjert ut spiral i staven sin | Fotograf: sr
1. - 4. klasse
sr

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS